Animando

 Hellig Birma oppdrett

  

 

 

 

Om rasen Hellig Birma

 

Gemytt

 

Hellig Birma vert ofte beskreve som ein mellomting mellom den livlege siamesaren og den rolege persaren. Det er ein sosial katterase, som er avhengig av nærheit til menneska sine eller til andre kattar/dyr. Den egner seg derfor dårleg som åleinekatt hjå mennesker som er lite heime.

 

Birmakatten går fint ilag med barn, sidan den er glad og leken av vesen. Den vert av mange beskreve som ein ypperleg familiekatt!

 

Rasen er kjent for å knytte sterkare bånd til menneska sine enn til sjølve boligen. Derfor går det som regel heilt greit å ta Birmaen med på reiser.

Som 'utekatt' er ikkje Birmaen særleg veleigna; den er rett og slett for tillitsfull og godtruande. Rasen har heller ikkje den store trongen til å komme ut på eventyr, så mange oppdrettarar meiner derfor at fordelane med utelivet ikkje veg opp til ulempane som trafikk, katteslagsmål, rovdyr og sjukdommar som smittsam katteleukemi og AIDS. Derimot vil ein Birma setje stor pris på ein kattegård, som ein med få midlar kan byggja sjølv. På den måten kan ein gje katten muligheit for frisk luft og sol, utan risiko for at den kjem ut for skade eller vert stolen. Ellers er det sjeldan noko problem å venne ein Birma til å gå i sele.  

 

Rasestandard

 

Klikk her for å lese meir om rasestandard. Sida er henta frå Norske Birmavenner. 

 

Legenda

 

Legenda fortel at lenge før Buddha sin ankomst til jorda, vart det bygd eit tempel i Burma med navnet Lao-Tsun. Tempelet vart til for å æra guden Song-Hio og gudinna Tsun-Kyan-Kase. Når prestane ved tempelet nådde den evige ekstasen, vart ånda deira overført til ein av dei mange hellige kattane som levde ved tempelet.

 

Den eldste og mest vise presten ved tempelet, Mun-Ha, tilbad spesielt gudinna Tsun-Kyan-Kse, ei gudinne med vidunderlege safirauger. Presten sitt skjegg var gyllen på farge, og ein meinte at det var fletta av sjølvaste guden Song-Hio.

 

Ein kveld vart tempelet angrepe av fiendar, og presten Mun-Ha døydde. Katten hans, Sinh, sprang då opp på hovudet til herren sin, og Sinhs kropp som tidligare hadde vore kvit, fekk den samme gylne fargen som skjegget til Mun-Ha. Augene skifta så farge frå gul til safirblå som gudinna Tsun-Kyan-Kse. Beina, ansiktet, øyrer og hale vart brune som jorda, mens katten sine potar vart kvite som eit symbol på reinhet. Blikket frå katten Sinh fekk fiendane til å flykta. Sju dagar seinare døydde Sinh, og i det samme steig Mun-Ha si sjel inn i evigheita. Då skifta alle kattane ved tempelet farge som Sinh, og eit nytt mirakel var skjedd...

 

Historia

 

I det 20.århundre, vart tempelet på nytt angrepe. Denne gongen vart tempelet redda av major Gordon Russel og Auguste Pavie, som på dette tidspunktet var utstasjonerte i Burma. Som takk for innsatsen fekk dei i 1919 tilsendt to Hellige Birmaer, ei vaksen ho og ein vaksen hann. Desverre døydde hannkatten under den lange reisa til Frankrike, der dei to mennene var busette, men under reisa hadde han nådd å parre hokatten Sita. Framme i Nice fødte Sita 4 kattungar under stamnavnet Madalpour, som var navnet til faren til kullet. Desse kattungane dannar den grunnleggjande stamma til alle Hellig Birmaer, og stamnavnet Madalpour kan stadig sporast tilbake på dei fleste stamtavler.

 

Birmaen vart godkjend som rase i Frankrike i 1925, og eit fint avlsarbeid vart sidan gjort i Frankrike og Tyskland. Desverre sette 2. verdskrig ein stoppar for vidare avl, og ein veit om kun to overlevande Hellig Birmaer etter krigen; Orloff og Xenia de Kaaba. (I dag vil alle Birmaer sine stamtavler føra tilbake til desse to!) Ved å forsiktig blande inn andre raser, lykkast det å få avlsarbeidet på fote att, og i 1955 vart Hellig Birma anerkjend som ein sjølvstendig rase.

 

Kilde: Hellig Birma, Racekatte i Danmark, 2003

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

                

 

Bilete
Kattane
Kattungar

Om oss

 

Planar
Om rasen
Heim