Animando

 Hellig Birma oppdrett

  

 

 

For tida har me ingen kattungar, men sjå gjerne under planar

 

 

Tidligare kull:

 

A-kullet født 04.05.09. To jenter og to gutar, alle SBI n

 

Mor: Azophi's Evita SBI a   Far: CH Veiten's Baloo SBI n

 

 

 

Bak frå venstre: Athene og   Antonio

 

Framme frå venstre: Ariana og Ajax

     

 

  

 

 

 

 

 

                 

 

    

 

 

 

 

 

 

Kattungar frå Animando vert solgt med;

 

- stamtavle frå FIFe

- kjøpekontrakt frå NRR

- helseattest frå dyrelege

- 1 vaksine mot kattepest og katteinfluensa ved 11-12 vekers alder

- behandla med ormekur ved 2-4-6-8 og 10 vekers alder

- livslang oppfølging frå oppdrettar

 

Kjøpsbetingelsar;  

 

- du/dere må vere absolutte dyrevenner som kan tilby katten ein omsorgsfull og varig heim

- kattungar skal vere mellom 12-14 veker før dei kan flytta til sine nye heimar

- kattungen skal ha 2 gongs vaksine ved 15-16 vekers alder, deretter skal den revaksinerast årleg

- kattungar solgt i klasse 2 (kos/selskapskatt) skal kastrerast innan dei er 12 mnd.gamle

- ved salg/avlivning skal oppdrettar informerast og ha forkjøpsrett til katten

- oppdrettar ser helst at kattungen får microchip, og at den vert forsikra (gjennom t.d Agria).

- kattar frå Animando vert i hovudsak selde som innekattar, så lenge ein ikkje bur veldig landleg og fritt til. Tilgang til kattegård, og/eller luftetur i sele, vil ein innekatt setje stor pris på.

 

Prisar

 

Ein kattunge frå Animando vil koste frå ca. 6000,- (kos/selskapskatt) til ca.7000,- (utstilling/avl).

 

Me vil ikkje selge kattungane våre etter 'førstemann-til-mølla-prinsippet', men til dei me anser som dei best eigna eigarane for kvar einskild kattunge.

 

Er du interessert i ein kattunge frå oss, send oss ein mail på adressa;

 

mariaskjelanger@animandokatten.com.

 

Obs. Me kjem ikkje til å selge kattungane våre via mail, men ein mail kan vere ein god førstekontakt. Interesserte vil alltid vere hjarteleg invitert heim til oss for ein kikk på kattungane.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

                

 

Bilete
Kattane
Kattungar

Om oss

 

Planar
Om rasen
Heim