Eg, Maria, er sjukepleiar og jobbar på ein infeksjonsavdeling på Haukeland Universitetssjukehus. Eirik er framleis student og studerer til siviløkonom på Noregs Handelshøgskule. Foreløpig leiger me ein stor og romslig leiligheit i Bergen, nærare bestemt i Starefossen. Her kan kattane nyta Bergens beste utsikt (?) frå katteburet på altanen! Ellers har me ein stor og grøn hage me kan boltra oss i, og her får dei to steriliserte 'fruene' vandra fritt på fine sommardagar. 

 

Eg har alltid vore glad i dyr, og katt har eg hatt som trufast venn sidan eg knapt kunne gå. Når eg flytta til Bergen i leiligheit, fann eg ut at ein innekatt ville passa best for oss og bylivet. Det tok oss ikkje lang tid før me bestemte oss for rasen Hellig Birma. Etter min smak er dette heilt nydelege kattar, og Birmaen sitt vennlege og rolige gemytt passa meg perfekt. Hausten 2007 byrja jakta etter ei blåmaska hokatt, og våren 2008 kom Azophi's Evita heim til oss. Våren 2009 fekk Evita sitt første kull, og blant kattungane valgte me å beholda Animando Athene, ei brunmaska jente med knallblå auger! Når Athene runda året, vart det dessverre totalt kræsj mellom mor og datter. For å unngå omplassering, valgte me å sterilisera begge kattane, noko me ikkje har angra på sidan. No er Evita og Athene vorte bestevenar, og dei er heilt uadskillelege! 

Sommaren 2010 fallt eg pladask for sjokoladejenta Cindra, som kjem frå det svenske oppdrettet Ellekarrs. Cindra er ei ung frøken, men har allerede gjort det kjempegodt på dei utstillingane ho har deltatt på. Om nokre år er planen å bruka Cindra i avl.  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

                                                                         

 

                                                                        

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bilete
Kattane
Kattungar

Om oss

 

Planar
Om rasen
Heim